Sinnamekkeren Ståle Eskeland

Dato

Tid

Stad

Sinnamekker’n https://www.facebook.com/sinnamekker Ståle Eskeland frå Stord kom med ei fantastisk bilbok på Samlaget hausten 2023.
Ståle er ein av Noregs største bilentusiastar og har eigd over 500 bilar. I boka får du historier om dei 20 største bilopplevingane hans og masse flotte bilfoto, derfor heiter boka BILALBUM. Den vart meldt i Bergens Tidende med 6 hjarter.

Her kan du lese meir om boka:
https://samlaget.no/products/bilalbum-bilar-med-sjel…
Ståle har turnert, hatt føredrag og kåsert med boka rundt i landet.
Han tek for seg boka og sitt eige forhold til bilen og hobbyen, men og bilinteressa i si heilheit, og kva bilen betyr for bygda. Han er innom temaer som mekking, kjøp, sal og pruting og køyreopplevingar ein kvar som er «ein smule» bilinteressert vil kjenne seg att i.
Han viser også bileter, og filmsnuttar som er bilrelatert med preg av humor og nostalgi.

Bill.: 120,- sveiobibliotek.hoopla.no/event/sinnamekkeren