Digitale tenester

Bibliotek-appen

Visste du at du kan få bibliotekkortet på mobilen?

Hold orden på lån og bestillingar med appen bibliofil. Bruk det digitale lånekortet ditt som nøkkel til meirope bibliotek.

BookBites

BookBites

BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.

Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.

Stikk innom på biblioteket om du manglar lånekort.

Flipp – tidsskriftapp

Flipp – tidsskriftapp

Biblioteket gir deg gratis tilgang til 90 magasin og tegneseriar fra Egmont Publishing via biblioteket sitt gjestenett.

Last ned appen, logg inn med mobilnummer og valgfritt passord.

Når du loggar inn i appen får du tilgong i 7 dagar. Deretter må tilgangen fornyast ved å logge på i biblioteket igjen.

PressReader

PressReader

Les nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

Du får tilgang til meir enn 7500 aviser/tidsskrift på meir enn 60 språk viss du går inn via biblioteket sitt gjestenett, eller loggar deg inn via bibliofilappen.

Filmoteket

Filmoteket

Sveio folkebibliotek tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom Filmoteket. Filmen kan sjåast på ei rekke einingar og i alle kjente nettlesarar. Du kan og overføre filmen til ein større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Foto av høretelefoner

NLB

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er eit offentleg bibliotek som produserer og låner ut lydbøker og punktskriftbøker.

Tilbodet er for alle som strevar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsettelse eller sjukdom.

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket er ei digital teneste der du finn e-bøker og lydbøker på andre språk enn norsk.

Du kan sjølve opprette ein brukarkonto med ei e-postadresse. Verdensbiblioteket er gratis å bruka og ope for alle i Noreg, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.

Skjermdump frå framsida av Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek

Nettbiblioteket

I nettbiblioteket finn du materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert og tilgjengeleggjort, m.a. mengder av bøker, tidsskrift, aviser og bilete.

Noko av materialet er berre tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Eit ansikt med ein planet og eit par som held rundt kvarandre i bakgrunnen. Illustrasjon

Lesedigg

Lesedigg er ein nettstad for barn. Her kan du sjølv finne bøker som passar deg. Prøv til dømes funksjonen “Finn ei bok for meg”.

Lesedigg er eit nytt verktøy som skal hjelpe barn mellom 7 og 13 år å finne ei bok dei vil lese!

Filmbib

Filmbib

Alle med nasjonalt lånekort kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strøymetenesta Filmbib. Du loggar deg inn med lånenummer og tilhøyrande PIN-kode.

Ta kontakt med biblioteket om du manglar kort eller pinkode.