Nettbiblioteket

Bøker

Gjennom Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek, (tidlegare bokhylla.no), kan du lese norske, digitaliserte bøker som kom ut frå år 2000 og tidlegare. Pr. 2021 er det over 500 000 bøker tilgjengeleg i nettbiblioteket.

I tillegg er det mogeleg å lese mange tusen tidsskrift, aviser og sjå digitaliserte bilete. Nettbiblioteket er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Nasjonalbiblioteket kan etter konkret spørsmål gje andre brukarar tilgang for særskilte formål, i hovedsak forsknings- og utdanningsformål, etter nærmare definerte kriterier. Bøker som er opphavsrettslig beskytta, er ikkje tilrettelagt for nedlasting eller utskrift.

Aviser

Lese aviser heime

nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan du lese digitaliserte aviser frå heile landet, både gamle og nye. Dei eldste avisene er fritt tilgjengeleg å lese for alle, medan andre er regulert etter kva årstall dei kom ut. Full oversikt om kva aviser som er tilgjengelege får du på Nasjonalbiblioteket.

Lese fleire aviser på biblioteket

Biblioteka i Norge har utvida tilgang til nye, digitaliserte aviser. På biblioteket kan du 14 dagar etter utgjeving lese aviser som Dagbladet, Dagens Næringsliv, Nationen og mange lokalaviser. Du logger inn med dagens passord og kan bruke både biblioteket sine pc’ar og eigen pc.

Passordet vert byta dagleg, du får det ved å spørje personalet.

Tidsskrift

Tidsskrift som er utgitt for 90 år sidan eller meir er tilgjengelig for alle via nettbiblioteket. I tillegg har Nasjonalbiblioteket gjort avtale med ein del nyare tidsskrift om at dei skal vere fritt tilgjengelig (nokre av dei tidsavgrensa).

Utvida tilgang for dokumentasjon og forsking

I biblioteket kan du få tilgang til pliktavleverte aviser og anna materiale på bestemte vilkår. Sjå kva du får tilgang til, og korleis, på Nasjonalbiblioteket sin nettstad.

Slik får du tilgang: Du må opphalde deg i biblioteket og søke om tilgang via Feide/MinId. Dei tilsette ved biblioteket må godkjenne søknaden din. Ved innvilga søknad får en tilgang til å strømme/lese dokumentet i opptil 8 timer.