Fleire språk
Det flerspråklige bibliotek
Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit kompetansesenter for fleirkulturelle bibliotektenester, rådgjevar for biblioteka i Noreg og ein del av Nasjonalbiblioteket. Det flerspråklige bibliotek har eit stort uval av bøker, på 70 språk. Vi på biblioteket kan bestille konkrete titlar til deg, eller bokpakkar på språk du er interessert i. Om du har nasjonalt lånekort kan du sjølv bestille bøker gjennom søket til DFB og få det sendt til Sveio folkebibliotek.
Verdensbiblioteket
Våren 2019 vart verdensbiblioteket.no offisielt lansert. Her finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk. Du kan strøyme så mykje du vil frå Verdensbiblioteket. Det finst e-bøker og lydbøker på arabisk, tigrinja, persisk, tyrkisk, somali og bosnisk/kroatisk/serbisk i samlinga.
Verdensbiblioteket er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalbiblioteka i Norge, Sverige og Danmark, støtta av Nordisk Ministerråd. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for verdensbiblioteket.no.
Slik får du tilgang
Du må besøke nettstaden frå ei norsk IP-adresse, opprette ein brukar og logge inn for å få tilgang til innhaldet. Å opprette ein brukar er gratis, og krev berre at du har ei gyldig e-postadresse. Enkelt og greit!