Alt om lån

Det er gratis å låna. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna frå biblioteket

Kven kan få lånekort?

Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Lånarar under 15 år må ha samtykke frå føresette. Lånare over 15 år må visa legitimasjon. I Sveio får alle som byrjar i 1.klasse tilbod om lånekort. Skular, barnehagar og andre institusjonar vert registrert på institusjonens namn, samt ein ansvarsperson.

Nasjonalt lånekort

Det nye nasjonale bibliotekkortet

Personlege lånarar vert registrert med fødselsnummer i nasjonalt lånarregistar, og ein kan nytta same lånekort i alle landets offentlige bibliotek. Institusjonar får lokalt lånekort.

Du må alltid ha med lånekortet når du skal låne. Har du smarttelefon, finn du en elektronisk utgåve av lånekortet ditt i Bibliofilappen. Lånekortet er personleg og lånar er alltid ansvarleg for det som vert lånt på kortet. Foresatte er ansvarleg for materiale lånt av born/ungdom under 18 år. Du kan bestilla digitalt nasjonalt lånekort sjølv, og i etterkant komma innom på biblioteket å knytta det til Sveio folkebibliotek.

Pinkode

Du må velgja ein pinkode som du nyttar når du lånar på biblioteket, fornyar lån, nyttar meirope bibliotek, lånar e-bøker og nyttar andre digitale tenestar.

Lånetid

Lån kan fornyast to gonger når det ikkje er reservert av andre.

  • Bøker – 4 veker
  • Blad – 2 veker
  • BookBites – 4 veker, men dei leverer seg sjølv. Du kan levera dei før tida sjølv.

Reservering

Lånaren kan reservera utlånte media, og biblioteka gjev melding når desse kan hentast. Hentefrist er 7 dagar. Biblioteka låner gratis inn media frå andre bibliotek.

Varsel og purringar

Du kan få varsel på SMS eller epost tre dagar før låna dine går ut. Om media ikkje vert levert til rett tid sender biblioteket ut purringar.
Vaksne må betala ved 1. gongs purring kr. 35,- og kr. 70 ved 2.gongs purring. Barn betaler ikkje ved 1. gongs purring. Ved 2. gongs purring er beløpet kr. 20,-.

Lånaren må betala vederlag for tapte eller skadde media etter biblioteka si verdsetjing.