Les med barnet!
Vi høyrer ofte at høgtlesing er bra for barna si utvikling. Men kvifor det? På denne sida finn du 7 gode grunnar med kjelder og vidare lesing. Lenger nedover er det boktips tilpassa alderen til barnet ditt, og tips til ei vellukka lesestund.
Kvifor lese høgt?
1. Det er kos!
Høgtlesing er skjermfri tid der du og barnet har fokus kun på kvarandre. Slikt skapar samhald og gode minne!
2. Gir leseglede og øver lesekondis
Leseferdigheitene er som ein muskel – jo meir vi les, jo betre blir vi til å lese. Dette gir meistringskjensle og meirsmak.
3. Hjelper barnet å bli kjend med seg sjølv – og omverda
Lesing hjelper barnet å forstå eigne og andre sine kjensler og levemåter. Barna kjenner seg sjølv og andre att i det dei les, og det skapar eit godt utgangspunkt til vidare samtale og læring.
4. Trener fantasien
Høgtlesing stimulerer fantasi, kjensler, leik og kreativitet hjå barn. Dei får med seg ny informasjon som gir grunnlag for nye, spennande idear!
5. Utviklar språket og utvidar ordforrådet
Å lese med barn utvidar ordforrådet deira. Barn og vaksne brukar nye ord under samtale i samband med lesestund. Språket i bøker er også meir komplekst og variert enn daglegtale.
6. Gir gode føresetnader for prestasjon og meistring i skulen
Ein studie frå Storbritannia fann samanheng mellom foreldre som les høgt og gode resultat på skulen seinare i livet. Andre studier viser at lesing bidreg til kritisk tenking.
7. Det er bra for fysisk og psykisk helse
Dei som les lever lenger og har høgare livskvalitet enn dei som ikkje les til vanleg. I tillegg har dei som les bøker betre fysisk helse enn dei som først og fremst les aviser og tidsskrift! Lesing fører til auke i sjølvrefleksjon og sjølvregulering fordi vi må konsentrere oss. Det hjelper å regulere eige humør, lytte til andre og ha meir medkjensle med andre.
Korleis lese?
Vi har samla tre filmar som vil hjelpe deg kome i gang med lesinga – med dei aller minste, barnehagebarna og skulebarna. Trykk på biletet for å kome til filmen.
Kva skal eg lese?
Få forslag til nettsider med gode lesetips, i tillegg til nokre anbefalingar frå dei tilsette på Sunnfjord bibliotek.
Bokbamsen
Nettstad med boktips for dei aller minste
- Meny med ulike søkekriterium: Alder, tema, emne, vanskegrad
- Oversiktleg og enkelt å navigere
- Frå 0 til 6 år
Nynorskbok
For deg som elskar nynorsk
- Sortert etter aldersgrupper: barnehage, barneskule, ungdomsskule og unge vaksne
- “Bakom boka” – podkastar med forfattarintervju
- Bøker med ferdige undervisningsopplegg
Lesekroken
Norske eventyr på fleire språk
- Eventyr på 22 språk, inkludert ukrainsk, arabisk og dari
- Barnesongar, lydforteljingar og tekstformat
- Spør biblioteket ditt om passord for tilgang
Nestebok
Få lesetips basert på den siste boka du har lese
- Skriv inn tittelen på den siste boka du har lese
- Forslag basert på liknande emneinndeling og tematikk
- Dugnadsprosjekt – nokre bøker kan mangle
Lesedigg
Interaktivt boksøk for skulebarn
- “Oppdag”-funksjonen der du kan søke etter bøker med emne-emojiar
- Søkeskala på kort-lang, lett-vanskeleg og tekst-bilete
- Interaktivt, fargerikt og gøy for barn
Spør ein bibliotekar
Vi er her for deg!
- Kontakt oss i skranken, på telefon eller e-post
- Bibliotekarar har ulike interesseområde – det er lurt å stille same spørsmål til fleire
- Få tips om bøker du elles hadde gått forbi
Boktips frå Sunnfjord bibliotek
0-2 år
Bøker for dei aller minste treng ikkje vere lange. Det er lurt å satse på bøker med store bilete der barnet kan peike og du forklarer.
Vesle vil også…
Bøker om Vesle handlar om kvardagsliv og korleis små barn ynskjer å gjere som store søsken og dei vaksne.
Mopp og Mikko
Mopp og Mikko er glade i alt mogeleg! Bøkene er eit fint utgangspunkt til vidare samtale og leik, til dømes om dyr.
Beibi
Bøkene om Beibi har enkle, men uttrykksfulle bilete og fortel søte historier som treff dei aller minste.
3-4 år
I denne alderen er det viktig med spennande forteljingar som barnet kan kjenne seg att i. Store bokstavar hjelper med leseopplæringa.
Bø og Bæ
Desse bøkene handlar om gode idear som ikkje går som planlagt, men så ordnar det seg likevel! Lettlesen tekst og fine bilete.
Brillebjørn
Brillebjørn er kjend frå NRK Super. Bøkene fortel om kvardagen da Brillebjørn var barn sjølv.
Prikk og Flekk
Endå ein herleg serie med spreke påfunn som ikkje går som planlagt. Endå meir humoristiske og overdrivne enn Bø og Bæ.
5+ år
Barna i denne alderen likar framleis å sjå på bilete, men treng ikkje lenger å støtte seg til dei for å forstå ein lengre tekst.
Arkimedes og …
Arkimedes er ein katt som bur med ein sprø oppfinnarfamilie. Høgt tempo og nynorsk skrift!
Tiril langt, langt borte
Ei koseleg forteljing om å seie unnskyld basert på folkeeventyr og Theodor Kittelsen sine måleri.
Forelska i Feisbukk
Ei humoristisk forteljing om å tore å vere seg sjølv, kjærleik, medkjensle – og promp.
Kjelder og vidare lesing
Kjeldelista er henta frå læringsressursen “Leselyst med dei minste – saman om lesekultur” som er gratis tilgjengeleg på bibliotekutvikling.no. Du finn fleire tips til både kvifor og korleis du kan lese saman med barna i læringsressursen.
Kvifor lese
Kognitive evner
Les om «1970 British Cohort Study» (The Life Project) på nettsida til Centre for longitudinal studies: https://cls.ucl.ac.uk/cls-studies/1970-british-cohort-study/. Her kan du også lese meir om at å finne glede i boklesing som ung verkar positivt på barns kognitive utvikling.
Hakemulder, F., Janssen, T., Koek, M. & Rijlaarsdam. (2017). Literary reading and critical thinking: Measuring students’ critical literary understanding in secondary education. Scientific study of literature, 6 (2), s. 243-277. https://doi.org/10.1075/ssol.6.2.04koe
Djikic, M., Moldoceanu M. C & Oatley, K. (2013). Opening the Closed Mind: The Effect of Exposure to Literature on the Need for Closure. Creativity research journal, 25 (2), side 149-154, DOI: 10.1080/10400419.2013.783735
Fysisk helse
Bavishi, A., Levy, B. A. & Slade, M. (2016). A chapter a day: Association of book reading with longevity. Social Science & Medicine, 9 (164), s. 44-48. https://doi.org/10.1016/j.socscimed.2016.07.014
Mental helse
Longden, E., Davis, P., Billington, S. L., Farrington, G., Magee, F., Walsh, E. & Corcoran, R. (2015). Shared Reading: assessing the intrinsic value of a literature-based health intervention. Medical humanities, 41 (2), s. 113-120, DOI: 10.1136/medhum-2015-010704
Waxler, R. P. (2008). Changing Lives through Literature. PMLA: Publications of the Modern Language Association of America, 123 (3), s. 678-683. DOI: 10.1632/pmla.2008.123.3.678
Billington, J. (2011). Reading for Life: Prison Reading Groups in Practice and Theory. Critical survey, 23 (3), s. 67-85. DOI: 10.3167/cs.2011.230306
Curry, A., Chan, H., Boutlilier, S. & Wolf, K. (2003). Canadian Federal Prison Libraries: A national Survey. Journal of Librarianship and Information Science, 35 (3), s. 137-213. https://doi.org/10.1177/0961000603353002
Schutt, R. K, Stoehr, T. & Den, X. (2013). Using Bibliotherapy to Enhance Probation and Reduce Recidivism. Journal of Offender Rehabilitation, 52 (3), s. 181-197. https://doi.org/10.1080/10509674.2012.751952
bgsfbskjbh
Emosjonell intelligens
Miall, David S. (1995). Anticipation and feeling in literary response: A neuropsychological perspective. Poetics, 23 (4), s. 275-298. DOI: 10.1016/0304-422X(95)00004-4
Kuiken, D., Phillips, L., Gregus, M., Miall, D. S., Verbitsky, M. & Tonkonogy, A. (2004). Locating SelfModifying Feelings Within Literary Reading. Discourse processes, 38 (2), s. 267-286.
https://doi.org/10.1207/s15326950dp3802_6
Koopman, E. & Hakemulder, F. (2015). Effects of Literature on Empathy and Self-Reflection: A Theoretical-Empirical Framework. Journal of literary theory, 9 (1), s. 79-111. https://doi.org/10.1515/jlt-2015-0005
Van der Bolt, L. & Tellegen, S. (1995). The connection between the reading of books and the development of sympathy and empathy. Imagination, cognition and personality, 14 (3), s. 247-260. DOI: 10.2190/P4R8-KPKG-0B0C-R4LT
Mar, M.A. (2004). The neuropsycology of narrative: story comprehension, story production and their interrelation. Neuropsychologia, 42 (10), s. 1414-1434. DOI: 10.1016/j.neuropsychologia.2003.12.016
Kidd, D.C. & Castano, E. (2013). Reading Literary Fiction Improves Theory of Mind. Science (American Association for the Advancement of Science), 342 (6156), s. 377-380. DOI: 10.1126/science.1239918
Samur, D., Tops, M. & Koole, S. L. (2018). Does a single session of reading literary fiction prime enhanced mentalising performance? Four replication experiments of Kidd and Castano (2013). Cognition and emotion, 32 (1), s. 130-144. DOI: 10.1080/02699931.2017.1279591
Mumper, M. L. & Gerrig, R. J. (2016). Leisure Reading and Social Cognition: A Meta-Analysis. Psychology of aesthetics, creativity, and the arts, 11(1), s. 109-120. DOI: 10.1037/aca0000089
Moral
Brokerhof, I. M., Sucher, S.J., Matthijs Bal, P., Hakemulder, F., Jansen, P.G.W. & Solinger, O.N. (2022). Developing Moral Muscle in a Literature-Based Business Ethics Course. Academy of Management learning & education, 22 (1), s. 63-87. DOI: 10.5465/amle.2020.0072
Korleis lese
Moore, M. & Wade, B. (1996). Home activites: The advent of literacy. European Early Childhood Education Research Journal, 4 (2), s. 63-67. DOI: 10.1080/13502939685207931
McCain, M. N., Mustard, J. F., Shanker, S. (2007). Early years study 2: putting science into action. Toronto, Ont: Council for Early Child Development.
Sénéchal, M. & Young, L. (2008). The Effect of Family Literacy Interventions on Children’s Acquisition of Reading From Kindergarten to Grade 3: A Meta-Analytic Review. Review of Educational Research, 78 (4), s. 880-907. DOI: 10.3102/0034654308320319
Hutton, J. S., Horowitz-Kraus, T., Mendelsohn, A. L., DeWitt, T. & Holland, S. K. (2015). Home Reading Environment and Brain Activation in Preschool Children Listening to Stories. Pediatrics, 136 (3), s. 466-478. DOI: 10.1542/peds.2015-0359
Montag, J. L., Jones, M.N. & Smith, L. B. (2015). The Words Children Hear: Picture Books and the Statistics for Language Learning. Psychological Science, 26 (9), s. 1489-1496. DOI: 10.1177/0956797615594361
Barratt-Pugh, C. & Rohl, M. (2016) Evaluation of Family Literacy Programs: A Case Study of Better Beginnings, a Library-Initiated Family Literacy Bookgifting Program in Western Australia. Library Trends, 65 (1), s. 19-39. DOI: 10.1353/lib.2016.0019
Rowe, K.J. (1995). Factors Affecting Students’ Progress in Reading: Key Findings from a Longitudinal Study. Literacy, Teaching and Learning. An International Journal of Early Literacy, 1 (2), s. 57-110.
Bus A. G., van Ijzendoorn M. H. & Pellegrini, A. D. (1995). Joint Book Reading Makes for Success in Learning to Read: A Meta-Analysis on Intergenerational Transmission of Literacy. Review of Educational Research, 65 (1), s. 1-21. DOI: 10.3102/00346543065001001
Bus A. G., van Ijzendoorn M. H. & Marinus, H.. (1995). Mothers Reading to Their 3-Year-Olds: The Role of Mother-Child Attachment Security in Becoming Literate. Reading Research quarterly, 30 (4), s. 998-1015. DOI: 10.2307/748207