Bokomslag Nødutgang til dagen

Nødutgang til dagen

Mariane er fri og utan faste band til stader og personar. Ho lever eit raskt og spanande liv som trendanalytikar for internasjonale bedrifter. Under eit opphald i Athen for å lade batteria før neste oppdrag i Tokyo, kjem meldinga om at faren ligg for døden. Mariane må reisa heim. Heimturen blir eit brått møte med eigen familiehistorie og fører Mariane til å oppsøka oppveksten sin på Svalbard og fleire uoppklarte spørsmål frå barndomen.

Morten Langeland er ein ordkunstnar som sprer om seg med fantasifulle vendingar og uventa referansar. Den særeigne og moderne stilen til Langeland er fornøyeleg å lesa, og boka kan lesast som ein trendanalyse av hans eigen generasjon.

Tilrådinga er skriven av Odd Harald frå Austevoll folkebibliotek.

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok