Foto: Hytte med trapp og bøker på høgre vegg.

Dagsturhyttene

Dagsturhytta Golfstova

Dagsturhytta golfbanen vart opna 31. oktober 2021. Turlaget har ansvar for turbiblioteket i hytta. Den ligg langs turvegen, ca. 20-30 min. frå parkeringa ved golfhuset. Hytta er universelt utforma.

Les meir:

Dagsturhytte i Sveio – Golfståvo (ut.no)

Dagsturhytta Nipastova

Nipastova ligg fint i terrenget og kan vere eit fint stopp på veg vidare eller som mål for turen. Turen tar ca. 1t 15 min. og det kan vere vått langs stien. Sko som tåler vatn kan vere ein fordel.

Les meir:

Dagsturhytte i Sveio – Nipaståvo (ut.no)

Dagsturhytte i Sveio – Nipaståvo (fjordnorway.com)

Gåve frå Vestland fylke

I samband med samanslåinga Hordaland og Sogn og fjordane til det nye fylket Vestland vart det sendt ut tilbod til alle kommunane om å få ei dagsturhytte kvar til ein svært rimeleg pris som ein «bryllaupspresang» til bruk for ålmenta. Hyttene har ein verdi på om lag 1 mill. kr. og eigendelen til kommunane er om lag kr. 160 000,- noko av dette kan også være i form av dugnad.

Tur for barnefamiliar

Begge hyttene er perfekt for familie med barn. Då kan barna få sitja å lesa ein bok frå hylla når dei kjem fram. Det er omn i hyttene.

Nynorsk turbibliotek

Dagsturhytta har eit nynorsk turbibliotek med kjekke bøker som kan lesast på hytta. Det er ikkje mogleg å ta med bøkene heim. Lesing er eit helsefremjande tiltak, og etablering av nynorske turbibliotek i dagsturhyttene styrkar folkehelseperspektivet i prosjektet. Bøkene skal stimulere til lesing og gjere nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg for fleire. Det er Sveio folkebibliotek som har ansvar for turbiblioteket i Sveio og som forsyner hyttene med bøker og held samlinga ved like.