Ny dag, ny nåde
- Forfattar:
- Petter Fiskum Myhr
Petter Fiskum Myhr (Født 1957) er utdanna litteraturvitar.
Myhr er opptatt av at folk skal ta seg tid til å setja livet litt på pause, og nyta kvardagen. Før ein veit ordet av det, så er ein pensjonist og sit i ein gyngestol og ser tilbake på eit levd liv som gjekk så altfor fort.
Forfattar tar oss attende til oppvekst og relasjon til faren. Innimellom er det tekstmelding frå faren som er sitert. Dette skaper ein fin brytning i tekst, og viser eit kvardagsleg liv i far siste månadar før han døde. Kristendommen og Bibelen betydde masse for faren, difor er det ein del henvisninger til bibelske sitater.
«Jeg har ikke behov for å få dagene til å gå. Det er ikke så mange igjen, og jeg vil at de som er igjen, skal vare lengst mulig. Jeg vil ta meg tid. Jeg vil telle mine dager, slik at jeg får visdom i hjertet, som det står i pappas bibel. Jeg vil telle mine dager i takknemlighet»
Eg likar måten Myhr skildrar visdom og livserfaring. Han skildrer livet og tida, der eit menneske stadig inntar nye roller i sitt eiga liv. Som barn, som ungdom, som vaksen, som arbeidsgiver/taker, som ektemann, som far og bestefar, som forsørger, som pensjonist.. Heile tida må ein omstille seg i sitt eiga liv.
Det er små og korte kapittel som kretsar rundt dette med tida og døden. Her finn ein underfundige og hjertevarme tanker, ord og gjerningar. Han skildrar sine møter med døden, og tankar rundt dette. Han skildrar også dei viktigaste og mest meiningsfulle, men også dei mest meiningslause øyeblikka.
Boka er velskrevet og innehar gode formuleringer og veloverveide tanker. Myhr siterer velkjente diktarar og personer for å fremheve sitt eiga bodskap, der han sit og filosoferer om livet og døden.
Sjølv om dette handlar mest om faren og Myhr sjølv, så er det noko allment over det heile. Det er enkelte familiehistorier som kanskje ikkje gir like stor meining for oss utenforstående, men samtidig er det mange gode tankar som er til inspirasjon.
Det er ei stillferdig og rolig forteljing Petter Fiskum Myhr serverer oss. Den er annleis enn det ein les til dagleg, men samtidig gir innhaldet såpass stor meining at ein kan ikkje unngå å la seg reflektere over det som står.
Boka passer nok kanskje best for dei som byrjar å komme litt opp i åra, men sanneleg kan den lesast av alle dei som står midt i tidsklemma, og slit med å få timane og dagane til å gå opp.
«Ny dag, ny nåde» er ein stillferdig, reflekterande og velskrevet bok frå forfattaren sitt eiga liv. Gjennom farens hjartevarme omsorg, får me eit innblikk i oppturar og nedturar, og fleire møter med døden.
- Kategorier:
- Boktips til vaksne,
- E-bok,
- Sakprosa