
Vi ønskjer å informere om at transportordninga for bibliotek (NTB) dessverre er konkurs. Dette får følgjer for lånetilbodet vårt i ein periode.
🔹 Biblioteket kan ikkje lenger bestille inn bøker frå andre bibliotek til deg
🔹 Vi kan heller ikkje ta imot eller levere bøker som er lånt frå andre bibliotek (til dømes Haugesund og Stord)
Kva betyr dette for deg?
- Du kan framleis reservere og hente bøker frå vår eigen samling som vanleg
- Studentar bør i denne perioden låne pensumbøker direkte ved sitt studiestad
- Ønskjer du bøker utanfor vår samling, må desse eventuelt lånast og hentast direkte frå det aktuelle biblioteket
Vi håpar å finne ei løysing så snart som mogleg, og vil halde dykk oppdaterte. Dersom situasjonen varer, vil vi sjå på alternative løysingar.
Vi beklagar ulempene dette medfører og takkar for forståinga
Helsing Sveio folkebibliotek
