Tilbod til skular og barnehagar

Kjem du til biblioteket på dagtid, er det med få unntak mykje liv og røre i lokalet. Klassar  frå Sveio skule og andre skular i kommunen er jamleg på besøk på folkebiblioteket.

Med stor entusiasme finn dei bøker, let seg lesa for eller les sjølv. Nokre får til og med tid til eit lite parti med sjakk før den tilmålte tida er ute. Då er det lang kø framfor skranken for å få registrert låna sine.

Klassebesøk frå skular

Lærarar saman med elevar kan nytta Meirope bibliotek utanom opningstida til folkebiblioteket etter tidspunkt og avtale inngått med skulen. Kvar fredag er skulebibliotekar til stades anten med høgtlesing eller for å rettleia/inspirera elevane til å finna interessant og eigna materiell for den enkelte. Elevane låner på institusjonskort i skuletida, det er den einskilde skulen som er ansvarleg for låna.

Besøk frå barnehagar

Tilsette i barnehagane bestiller tid til besøk når personalet er til stades.

Tilbod om bokkassar

Den enkelte klasse eller barnehage kan bestilla bokkassar frå folkebiblioteket. Det kan vera til ulike tema i undervisninga, leseaksjonar eller prosjekt. Ver vennleg å gi biblioteket melding ei veke på førehand om du ønskjer bokkasse.

Leseknappen

Målet med Leseknappen er å støtte opp om den første leseopplæringa, skape leselyst og lesedugleik. Målgruppa er elevar i 2. klasse, som har eller er på veg til å knekke lesekoden.

Opplegget er eit samarbeid mellom folkebibliotek, skule og foreldre.

Skulebibliotekaren kjem ut til skulane og informerer om Leseknappen. Elevane får med seg heim informasjon om Leseknappen, eit lesekort og ei forslagsliste over bøker. Når barna har lese ti bøker, kan dei levere lesekortet til lærar/skulebibliotekar ved skulen og få overrekt Leseknappen.

Leseknappen er eit flott emaljert jakkemerke i fargar, utforma av Elisabeth Moseng.