Sveio folkebibliotek har no teke i bruk nytt biblioteksystem, og dei fleste tenestene våre er tilbake i normal drift måndag 8.juni.
Det digitale lånekortet finn du no på bibliotekkortet.no. Ver merksam på at den gamle appen ikkje lenger fungerer.
Du kan no:
- låne og levere bøker i sjølvbeteningsautomaten
- bruke meirope som vanleg
- bestille bøker frå andre bibliotek
Overgangen til nytt system gir oss betre løysingar og nye moglegheiter framover.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du treng hjelp med innlogging, digitalt lånekort eller andre spørsmål.
Velkomen innom biblioteket!

