Eg er her enno: livet med kreft med forfattar Eli Strand
Velkomen til ei sterk og livsnær bokkveld med Eli Strand, forfattaren av Eg er her enno – livet med kreft.
Den 6. desember 2019 endra livet hennar seg brått då ho fekk vite at kreften var tilbake – og ulækjeleg. I boka deler Strand oppriktig om frykt, smerte og kamp, men også om kjærleik, håp og dei små augeblikka som gjer livet verdt å leve.
Dette er ei forteljing om å finne glede midt i det mørke, og om å halde fast i livet – sjølv når ein veit at tida er knapp.
Eli Strand har vore journalist og programleiar i NRK og TV 2, og arbeider i dag med kommunikasjon og filmproduksjon.
Ei bokkveld som rører, inspirerer og gir ettertanke.
Medarr.: Den kulturelle spaserstokk.
Arrangementet er gratis.
