Frø & Kvelds
Frø & Kvelds – Inspirasjonskveld i hagen si verd
Velkomen til Frø & Kvelds – ein hyggeleg møteplass for alle som er glade i hage, dyrking og gode samtalar!
Denne kvelden får me besøk av ekteparet Ben Kristian og Helen Hope, som vil ta oss med inn i hagen sin og dele erfaringar, tips og gleder frå mange sesongar med dyrking.
Dei snakkar om planteval, staudefavorittar, kva som fungerer i ein vestlandshage – og kva som ikkje gjer det. Det blir både inspirasjon, humor og praktiske råd!
På programmet:
• Presentasjon: Ben Kristian og Helen Hope om hagen sin
• Tips til dyrking, jord, stauder og sesongarbeid
• Spørsmål og uformell hageprat
• Lån frø frå Frøbiblioteket – fyll på med nye sortar
• Loddsal – fine premiar
• Kvelds – noko lite å bite i medan me pratar
Gratis og ope for alle – både erfarne hagedraumarar og ferske spirevennar.
I samarbeid med Sveio Hagelag
Hjarteleg velkomen!
