Røter og draumer: Maria Lavik og Agnes Ravatn

Dato

Tid

Stad

Kaien

Litteraturbåten Epos kjem til Sveio, og i Førde inviterer me til samtale med Maria Lavik og Agnes Ravatn om odelsskam, å leve med eit dilemma mellom by og bygd, røter og draumar.

Maria Lavik er aktuell med boka Odelsskam – å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Ho er journalist i Vårt land, og har tidlegare gitt ut boka Vi, dei fattige. Maria kjem frå Eksingedalen, men bur i Oslo. Som odelsjente har ho stått i valet om å ta over garden og halde på røtene heime, eller å bli verande i livet på Sagene i Oslo som ho sjølv har skapt seg.

Agnes Ravatn kjem frå Ølen, men bur på eit småbruk i Valevåg. Ho har ei rekke suksessfulle bøker bak seg, mellom anna essaysamlinga Verda er ein skandale- ei lita bok om livet på landet.

Billett 100,- Billettlink