Viktig informasjon til lånarane våre

Viktig informasjon til lånarane våre – systemskifte

Sveio folkebibliotek skal gå over til nytt biblioteksystem 3. juni. I samband med dette vil fleire av tenestene våre vere mellombels ute av drift. 🔹 Tenester ute av drift: Frå fredag 29. mai kl. 12:00 til fredag 5. juni (Gjeld også meirope) 🔹 Opningstider før stenging: • Siste bemanna opningsdag: torsdag 28. mai • Meirope tilgjengeleg til fredag 29. mai kl. 12:00 🔹 Opning etter systemskifte: • Biblioteket opnar igjen måndag 8. juni • Meirope vil vere i drift frå laurdag 6. juni I denne perioden vil det ikkje vere mogleg å låne, levere eller bruke sjølvbeteningsløysingar. Vi beklagar ulempene dette medfører, og takkar for tolmodet medan vi gjer biblioteket endå betre. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!