Esters fortelling
Møt forfattar Kari Mathilde Hestad!
Den 24. september klokka 18.00 kjem ho til Sveio bibliotek for ein samtale med Kristine Thorkildsen om korleis den splitter nye bokserien hennar vart til.
“Esters fortelling” er ein serie på til saman 10 bøker, med handling frå Austevoll i 1896. Den første boka kjem ut 11. september, og nye bøker vil vere til sals med jamne mellomrom fram til utgangen av 2027.
“Esters fortelling” er ei medrivande historie med ingrediensar som kjærleik, familiehemmelegheiter, naturkrefter og mystikk.
Kari Mathilde er 48 år og kjem sjølv frå Austevoll. Ho er utdanna norsklektor og har jobba som journalist, lærar og språkkonsulent. Tidlegare har ho gitt ut romanen “Sceneskifte”, men “Esters fortelling” er den første serieromanen hennar.
