Arnfinn Kolerud kjem på Kaien i Førde
Denne kvelda er duka for satire og humor. Arnfinn Kolerud kjem frå Isfjorden, men bur i Måløy. I bagasjen har han bl.a. med seg historia om folka i Vassbygda. Han har skrive 4 bøker om bygdefolka. Sentrale karakterar er Bendik Uføre og Enella Frø.
Forlaget skriv om «Gamle menn i syningom»:
«Ungdomen i Vassbygda tar likevel high five når dei møtest , og dei har ingenting i mot å chille med slush og fluffy cupcakes og flip-flops to go. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden – og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen?»
Les NRK si meining om «Gamle menn i syningom»:
«Gamle menn i syningom» av Arnfinn Kolerud – Anmeldelser og anbefalinger (nrk.no)
Dette er eit samarbeid med Sveio Mållag.
Bill.: pris kjem /Medlem av Sveio Mållag bill.: pris kjem
Kaien, Førde