Bibliobattles 2025
Påmelding til Bibliobattles 2025
Velkomen til årets Bibliobattles-turnering! 🎮✨
- For å bli med i konkurransen må du vere under 18 år og kople deg på serveradressa battles.no i Minecraft.
- Her kjempar du om å bli den beste Minecraft-byggjaren! Bygg noko innanfor temaet eventyr – og bli best i fylket ditt, eller kanskje nasjonalt!
- Vinn flotte premiar! 🏆
- Følg direktesendingane der vi viser fram byggverka kvar turneringsdag, frå 10. til 14. november kl. 18.30–20.00.
- Finalen blir strøymd 16. november, der vi kårar vinnarane frå kvart fylke – og den nasjonale vinnaren.
- Du kan delta via nettbrett, mobil eller PC-versjonen av spelet. (Konsollversjonen er ikkje støtta.)
🗓️ Tid: Måndag 10. november – sundag 16. november.
Serveren er open 10.–14. november frå kl. 17.00 til 21.00 kvar dag.
📍 Stad: Heime i di eiga stove! 🏠
