Blood on the clocktower

Dato

Tid

Stad

Sveio folkebibliotek

KVA ER BLOOD ON THE CLOCKTOWER?

Eit sosialt mysteriespel fullt av bløffing, mistankar, hemmelege roller og overraskingar!

Alle får ei hemmeleg rolle. Nokre høyrer til det gode laget og prøver å avsløre kven som står bak ugjerningane – medan andre lyg, villeier og prøver å halde seg skjulte. Gjennom samtalar, skuldingar og avrøystingar må de finne ut kven de eigentleg kan stole på.

Har du sett Forræder eller likar spel som Werewolf eller Mafia, vil du raskt kjenne att stemninga – men Blood on the Clocktower byr på endå fleire roller, mysterium og uventa vendingar.

Du treng ingen erfaring – me lærer deg spelet!

Passar både for deg som likar å tenkje taktisk, bløffe og argumentere, og for deg som berre vil vere med på ein annleis og sosial kveld.
Påmelding: mob.: 99009195

Tilrådd alder: frå 13 år
Ingen forkunnskapar er nødvendige.