Boklansering av “Økland. Einar Øklands liv i samling.”
Velkomen til lanseringa av boka “ØKLAND – Einar Øklands livsverk i samling.”
Forfattaren og kulturhistorikaren Einar Økland (fødd 1940) seier at nokre samlar på seg sjølv, andre samlar på kunnskap. Han har skrive eller redigert 104 bøker gjennom 60 år, tekstar av han er omsette til 18 språk, og samle har han gjort i meir enn 75 år.
Ottar Grepstad, Sverre Tusvik, Agnes Ravatn og Jorunn Veiteberg har snakka med Einar Økland i Valevåg om høgt og lågt mellom skrift og trykk. Mest fortel han om det han før har snakka eller skrive lite om, også frå eigen barndom og bakgrunn. Økland undrar seg over det han ikkje veit og søkjer innsikt som han sjenerøst spreier til andre gjennom skrift og snakk. Brått kjem noko som ingen kunne vente. Boka er ein eineståande dokumentasjon av ein særmerkt forfattarskap.
Ottar Grepstad, Sverre Tusvik og Einar Økland sjølv kjem til Sveio bibliotek for å fortelja meir om boka. Musikalsk innslag ved Cecilie Anna. Lett serveringa. Alle hjarteleg velkomne!
Sponsa av Vestland fylkeskommune, Fonna forlag og Sveio kommune