Feliz Navidad – Selma Lønning Aarø
Demens utfordrar ikkje berre den som blir sjuk, men heile familien.
I romanen Feliz Navidad skildrar forfattaren med varme og realisme korleis det er å stå midt i livet – med ansvar, forventningar og sorg – når mor si gradvis forsvinn.
Resultatet er ei både varm og humoristisk bok om familie, jul – og om korleis demens set livet på prøve. Ei forteljing om utfordringar, nærleik og samhald når alt røyner på.
Medarr.: Den Kulturelle Spaserstokk
GRATIS
Forlaget skriv:
Feliz Navidad er ein sår, men likevel morosam roman om å vere kvinne midt i livet, om hormonelle tenåringsbarn, ein svikefull ektemann og ei mor som forsvinn. Ikkje minst handlar han om kven vi blir når det verkeleg røyner på.
Saga og familien reiser til Spania med pinnekjøt og håp om ei perfekt julefeiring i kofferten. Allereie ved ankomst melder utfordringane seg. Var det rett å ta med den demente mora til utlandet, kvar sel dei eigentleg kålrabi i Spania – og kva driv ektemannen Knut med når han seier han er på løpetur? Etter kvart som julaftan nærmar seg, blir det klart for Saga at mangelen på kålrabi er det minste av problema hennar. Livet slik ho kjenner det, fell saman, samstundes som familien krev sitt.
