
Frø & Kvelds med Lene Aspen
I haust samla me inn frø frå publikum og no skal de få gleda av å låna frø. Hagelaget vil vere tilstade denne kvelda. Det vil vere flinke folk tilstade om de er noko du lurar på.
Lena Aspen vil ha eit tredelt føredrag om:
• Litt om hagen og dyrketilnærming
• Dyrking av næringsjord, vatn, lys og litt om skadedyr
• Grønsaker ein får til
Opplegget:
Lån frø, så og plant. Kanskje du kjem til hausten med nye frø tilbake til frøbiblioteket vårt.
Det blir kaffe, brød med pålegg og loddsal.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Sveio Hagelag og biblioteket.
GRATIS