Glennen & André Eide – Konsert

Dato

Tid

Stad

Sveio folkebibliotek

Glennen er artist & produsent, frå Nordfjord, busett i Sveio. Han har gitt ut to album, ein EP og to singlar, i sjangeren viser/pop/rock, og soundet er veldig definert, med sterke tekstar og gode melodiar. Fleire av låtane har vore på NRK, blant anna “Mine auge lukka” og “Sku ønske det var oss”.

Pianist og organist André Eide kjem frå Halsnøy men har vore busett på Stord dei siste 25 åra. Han er godt kjend gjennom sosiale medier, der han når ut til fleire millionar lyttarar kvar månad. Elles jobbar André frilans som pianist og organist i heile landet og er med på mange varierte prosjekt.

Billett 100,-: https://betal.vipps.no/ru34