
Føredrag om boka “Hansemann og meg” og diktopplesing av Lise-Marte Vikse Kallåk
-eit føredrag om korleis det var å vere barn i Sveio under krigen og tida etterpå. Nevøen Edvin Reiersen fortel frå boka.
Om boka:
Olav S. Reiersen, fødd i 1934, tar oss med inn i tvillingbrødrene si fantastiske leikegrind på Sørevåg i Sveio. Omggjeven av kjærleik frå familie og naboar er livet akkurat slik det skal vere for små gutar – ein leik!
Idyllen blir brutt i 6-årsalderen då må dei dela leikegrinda med tyskarane som også har forstått at Sørevåge er det viktigaste staden i Noreg.
Diktopplesing av Lise-Marte Vikse Kallåk
Det blir servert kake og kaffi
Gratis