
Kajakk-kulturtur
Solo langs norskekysten – med Otto Inge Molvær
Otto Inge Molvær er 86 år, men framleis full av eventyrlyst og historier. Sveio kyrkje har kalla han «Sveio si største globetrotter» – og det med god grunn. Han har oppsøkt dei varmeste, kaldaste, lengste, høgaste og mest krevjande stadene på kloden.
Men Otto Inge er langt meir enn ein reisande fant. Han er altmulegmann, dykkarleiar, kommandør, moromann, fotograf, forfattar, bestefar, kyrkjegjengar, friluftsmenneske, båtbyggjar, samfunnskritikar og utviklar – og ikkje minst ein meister til å formidle.
Denne kvelden deler han opplevingar frå sin kajakktur åleine langs norskekysten – eit eventyr som kombinerer natur, kultur og personleg styrke.
Bli med på ein inspirerande og underhaldande kulturtur!
Bill.: 50,- sveiobibliotek.hoopla.no