
Oppdag leselyst med Dysleksi Norge!
Stad: Sveiogata 32, 5550 Sveio
Tidspunkt: Torsdag 10. april kl. 17:30–19:30
Biblioteket vil gjerne invitere DEG som er mellom 6 og 10 år til ein kjekk ettermiddag!
Ta med deg ein eller begge foreldra dine. Læraren din kan kanskje også bli med.
Kjersti frå Dysleksi Norge vil vise fram fine bøker som passar for deg som synest lesing kan vere litt vanskeleg.
Ho skal også dele lesetips og lesestrategiar som kan gjere det enklare og kjekkare å lese. Det vil bli lest og formidla fleire ulike bøker.
Me håpar å sjå deg der!
VELKOMEN!
Arrangementet er gratis, og vi har eit gratislotteri med bøker som premie.
Du vil også få ei lita overrasking.