PERFEKT/(d)EFFEKT
Lil´Gorilla Produsjoner inviterer til ny førestilling!
PERFEKT/(d)EFFEKT handlar om identitet, tilhøyrsle og kva det eigentleg vil seie å vere normal. Framsyninga er ein slags teatergameshow, dekt med klistrande post-it-lappar, felles deltaking og masse engasjement. Divaen og vertinna «Pippi Post-it» vil leike Gud saman med publikum for å justere åtferda til karakterane ho har med seg på scena. Heilt «normale» ungdomar som berre treng å vere litt meir av det eine – eller kanskje litt mindre av det andre – eller noko heilt anna!
Karakterane i framsyninga er under utvikling, og det er publikum som avgjer kven dei eigentleg er!
Målgruppe: 11–16 år (ungdomsskule)
Varigheit: 40–45 minutt
Gratis
Medarr.: UngSveio