Skjebneval i USA
Gratis – MEN få deg gratisbillett på Hoopla.no:
https://sveiobibliotek.hoopla.no/event/3349423123
“Skjebneval i USA – eit demokrati på frivillig veg mot diktatur?”
– foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
Dei to tidlegare USA-korrespondentane Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen kjem til Sveio folkebibliotek 21.10.24, med eit særs aktuelt foredrag.
Stort tema, mange spørsmål
Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane.
Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare en nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste: Er demokratiet trua? Kan de bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinne over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar?
Mange amerikanarar har erfart at medan løna har stått stille, har prisane auka jamt og trutt. Veljarane gjev dei folkevalde skulda, og politikarforakta er rekordhøg. Dei to store partia står langt frå kvarandre og det politiske klimaet i Washington DC er kjøligare enn på lenge.
Det er nok av saker å gripe tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemd abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”. Kven er best egna, ei svart kvinne, vise-president Kamala Harris, eller en hvit mann, eks-president Donald Trump.
Denne gongen er det likevel mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.
Alt dette og meir kastar vert det kasta lys, og bidreg til at vi er litt meir opplyste når valet går av stabelen i byrjinga av november.
Arrangementet er i samarbeid med Sveio Senioruniversitet, Vestland fylkeskommune og for biblioteka i Sogn og Fjordande, Folkeakademiet Sogn og Fjordane.
Sal av kake, vaflar, kaffi og te i pausen.
Gratis – MEN få deg gratisbillett på Hoopla.no:
https://sveiobibliotek.hoopla.no/event/3349423123