
Sommarlesfest – Magisk bobleshow
Me vil feira alle dei flinke lesarane i Sveio med med eit Magisk bobleshow. Gled deg til eit fargerikt, fortryllande og spektakulært show der såpebobler blir til rein magi! Sjå bobler så store at du kan stå inni dei, bobler som gløder, dansar – og til og med eksploderer!
Dette er underhaldning som skapar latter, undring og wow-augeblikk for alle aldrar.
Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett. Om barnet treng fylgje, så må den vaksne også ta ut billett. Me ser helst at færrast mogleg vaksne nyttar seg av å vere med. Tenk på at det er mange barn som vil delta, så ta kun ut billett om du skal nytta den.