Foto av ein mann som held ei bok. Ein pensel kjem inn frå høgre i bilete.

Truls Horvei: Male med ord og pensel

Dato

Tid

Stad

Ørevik grendahus

Truls Horvei er ein kjend forfattar i Sunnhordland og på Haugalandet. Den pensjonerte journalisten i Haugesunds Avis kom i haust med diktboka Framoverlent i fluktstol (Kapabel forlag). Her tar han ein tur gjennom ein norsk sommar og ein tur til Nice og Malaga. Han skriv dikt om liv og død, aldring, om Gud og om kunst.

Og fluktstolen? Ja, der er det ikkje tid til å sitje lenge om gangen.

Etter pandemien har Horvei nemleg begynt å male, både akvarell og akryl. Han har hatt fleire utstillingar dei siste to åra. Når han kjem til Sveio bibliotek måndag 11. mars kl 18.00, har han ikkje berre med seg den nye boka og andre bøker. Han viser og nokre av kunstverka sine.

– Eg ser på bilda og det å lage kunst som ei forlenging av forfattarskapen min. Eg vil fortelja om boka, om bilda mine. Ja, kvifor må eg mala – er det ikkje nok med å skrive? seier forfattaren, opphaveleg frå Bergen.

Horvei har skrive 11 diktsamlingar og 2 ungdomsromanar, samt laga fleire CD-ar med poesi og musikk. Han debuterte med diktboka Havfruehester i 1988.

Arrangementet er ein del av Sveio folkebibliotek sitt prosjekt “Litteratur i gamle hus”, som er støtta av Nasjonalbiblioteket.

GRATIS