Foto: naturbilete

Webinar på biblioteket: Lokalhistorisk webinar 2025

Dato

Tid

Stad

Sveio folkebibliotek

Innleiingane vil fokusere på korleis migrasjon har påverka kulturen og samfunnet gjennom tidene. Webinaret vender seg til eit breitt publikum slik som historieinteresserte, studentar og fagpersonar. Innleiarane kjem frå både inn- og utland.

Du kan følgje webinaret i på Sveio folkebibliotek. Me serverer kaffi og te!

Program
Tid Kva
10.00 Velkomen, ved Arnt Ola Fidjestøl, Vestland fylkeskommune
10.05 Forhistoria i bevegelse. Migrasjon frå eit steinalderperspektiv, ved Daniela Hoffmann, professor ved Universitetet i Bergen
10.30 Utvandringshistoria frå Voss, ved Eirik Helleve, avdelingsleiar ved Voss folkemuseum
10.55 Beinstrekk
11.05 «Amerikanske» stadnamn i Noreg, ved Gunnstein Akselberg, professor emeritus ved Universitetet i Bergen
11.30 Migrasjonsminne og møtet med Noreg, ved Babek Hosami og Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie
11.55 Lønsj
12.20 Nordmenn i USA og dei som var der før dei. Om det norske møtet med urbefolkninga, Dr. Anna Peterson ved Luther College & Norwegian-American Historical Association. Innlegget er på engelsk, men er spelt inn på førehand og teksta til norsk.
12.45 Kva skjer vidare i jubileumsåret?, ved Vestland
fylkeskommune

Takk for i dag