Bibliotek-appen

Bibliofil er bibioteket sin app. I den kan du gjere det same som når du loggar deg inn på Mi side i katalogsøket vårt.

Med appen kan du blant anna:

  • Søke i biblioteket si samling og reservere media.
  • Få oversikt over lån, reserveringar etc. i “Min side”
  • Få ein elektronisk kopi av lånekortet ditt.
  • Få tilgang til digitale tenester som film i Filmoteket og Filmbib, og aviser og tidsskrifter i Pressreader.
  • Bla i biblioteket si anbefalingsliste
  • Få forslag på din utlånshistorikk
  • Knytte barna sine lånekort til ditt, og slik få kontroll over låna til barna dine.

Korleis komme i gang?

  • Appen finn du i app-butikken din ved å søke etter “Bibliofil”.
  • Når du åpnar appen må du velge bibliotek (først Vestland fylke, og så Sveio folkebibliotek).
  • Logg deretter inn med lånenummer/e-post og passord.

Kva er forskjell på pin-kode og passord?

  • Passord brukar du for å logge inn på “Mi side” og app.
  • Pinkoden brukar du når du loggar deg inn i Meirope/sjølvbetent bibliotek.
  • Du må oppretta eit passord for å kunne bruka Mi side eller appen vår. Dette grunna personvernreglar me er pålagt.

Har du gløymt pinkode eller passord? Trykk på lenka “Glemt PIN eller passord” under innloggingsfelta.
Hvis du heller vil bruke nettlesar, er alle app-funksjonane tilgjengelege på “Mine sider” på nettstaden vår.