Biblio
Biblioteka i Vestland samarbeider med fylkeskommunen for å kunne gje brukarane våre tilbod om å låne digitale bøker gratis frå ei felles samling. Samlinga består av e-bøker, og eit ganske avgrensa utval e-lydbøker.
Korleis låne digitale bøker?
1. Last ned appen Biblio frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr
I appen kan du tilpasse og markere teksten, skrive notat og slå opp ord. Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avsluttar lesinga.
Når lånetida er ute, leverer BookBites automatisk inn boka, men du kan levere inn boka før forfallsdato.
Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men du kan lese dei utan nettilgang (offline). Du vil finne utstillingar av bøker i Biblio. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.
Dersom noko går gale, eller du har andre spørsmål, kan du kontakte biblioteket@sveio.kommune.no for å få hjelp.
Til deg som har brukt BookBites før
- Ikkje slett BookBites-brukaren din før du lastar ned Biblio.
- Ikkje lag ny konto i Biblio. Logg inn med det gamle BookBites-brukarnamnet ditt (e-post) og
passordet i Biblio. - Har du gløymt passordet? Legg inn BookBites-brukernamnet ditt (e-posten din) i Biblio og trykk Glemt passord.
Ofte stilte spørsmål for deg som har brukt BookBites
Må eg lage ny brukar i Biblio?
Nei, du brukar den same innlogginga i Biblio som du bruka i BookBites. Du finn brukarnamnet ditt (e-posten) under Profil – Innstillingar – Personleg informasjon i BookBites.
Blir bøkene, reservasjonar og all statistikken med over i Biblio?
Ja, alt du har i BookBites i dag, finn du igjen i Biblio.
Kor finn eg passordet mitt?
Passordet ditt er sannsynleg lagra på telefonen din. Du kan også be om nytt passord når du loggar inn med den gamle BookBites-brukaren din i Biblio.
Kvifor får eg beskjed om at e-postadressa allereie er i bruk?
Du er i ferd med å opprette ein ny konto. Ikkje gjer det. Gå tilbake og vel Logg inn.
Kvifor får eg feilmelding når eg legg til lånekortet mitt?
Du er i ferd med å opprette ein ny konto. Gå tilbake og vel Logg inn.
På Biblio sine eigne nettsider kan du få meir hjelp: Biblio Help Centerhttps://help.biblio.app/no/hc
