Pressreader
Tilgang til digitale aviser og tidsskrift
Med fullteksttilgang til over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda er Pressreader eit svært godt tilbod til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar – eller andre som er interesserte i å lese internasjonalt stoff.
I tillegg inneheld tenesta ei rekkje norske aviser, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende. Norske bibliotekbrukarar kan dermed få tilgang til dei store riks- og regionavisene som biblioteket elles ikkje har råd til å abonnere på.
Tenesta har også magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir.
Slik får du tilgang
På mobil og nettbrett: Last ned appen Pressreader fra Google Play eller App Store. Kople deg på nettverket på biblioteket. Du får også tilgang til Pressreader under Digitale tjenester når du er logga inn i Bibliofil-appen.
På datamaskin: Gå inn på pressreader.com medan du er på biblioteket sitt nettverk.
Etter å ha nytta denne tenesta i biblioteket har du full tilgang til Pressreader i 72 timar på den eininga du har brukt. Du må altså innom biblioteket kvar 3. dag for å få oppdatert tilgangen.
Når du er heime
Logg deg inn på Min side eller bruk Bibliofil-appen. Då finn du PressReader under Digitale tjenester. (Du må vere pålogga for å få dette valet.)