11%

Det er ei ny tid, heilt utan menn. Med nokre få unntak – hannar som blir forvarte i eit avlssenter på Lolland. Desse orda var dei første eg las på baksida av boka, og eg tenkte: Kva er dette? Så las eg vidare i 11 % av Uthaug, ein roman i sjangeren dystopi.

Boka føregår i ei framtid der heile samfunnet består av kvinner. Den mannlege befolkninga blir halden i fangenskap på eit så lågt nivå som ein meiner er forsvarleg (11 prosent av befolkninga – som er bakgrunnen for tittelen på boka). Romanen handlar om fire kvinner som må finne ut kva dei skal gjere når det plutseleg dukkar opp ein gut som ikkje er innelåst på eit av dei statlege avlssentera. Spørsmålet er på kva tidspunkt guten inneheld så mykje testosteron at han blir eit trugsmål mot dei alle.

Boka har vorte skildra som ein feministisk skrekkroman. Mykje moderne science fiction utforskar tema knytt til kjønn, seksualitet og samfunnsroller, og denne boka passar godt inn i den tradisjonen.

Kvinnene har teke over verda; mennene blir brukte til avl og forlysting. Verda vi kjenner er snudd på hovudet. Eg vart forundra, eg lo, og av og til var boka hysterisk morosam – andre gonger mørk, tung og trist. Har du lyst å lese noko heilt anna enn ein «feelgood»-roman, kan dette vere boka for deg!

«Du kan jo fundera på kvifor det er så mange ord som aldri har blitt danna i feminin form. Som drapsmann og valdtektsmann. Eller krigsherre.»

Romanen er omsett av Ingvild Holvik.

Anitha frå Sveio folkebibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne