Bokomslag Bunny vs Monkey

Bunny vs Monkey

Forfattar:
Jamie Smart
Omsetjar:
Johannes Refsdal
Lån boka

Den britiske teiknserieskaparen Jamie Smart har teikna fleire serier samt laga multimediaprosjektet «Find Chaffy» (http://www.findchaffy.com/ ). Han er den fyrste teikneserieforfattaren som har vunne Roald Dahls moropris.

I serien Bunny vs Monkey handlar dei to herlege hovudpersonane Harepus som er ein snill harepus og Apekatt som er ein frekk apekatt. Det er nokre vitskapsmenn som har sendt Apekatt ut i verdsrommet – trur dei. Han landar berre på andre sida av åsen. Der ønskjer han å laga «apetopia». Apekatt gjer mykje dumt som å opne døra som står  «Q» i laben til Stinki. Den geniale Stinki, ekornet Nøtte, grisen Gris, den eventyrlystne Action-Bever, mystiske Le Rév er alle med i boka. Dei har tydelege karakterar og tydelege uttrykk. Serien brukar sterke fargar og har tydelege tjukke strekar i rutane og rundt kvar rute.

Serien har korte, morosame og actionprega kapitlar. Passar godt for yngre lesarar, men eldre barn vil nok også la seg underhalda. Bak i bøkene får ein også lære korleis ein kan teikna figurane – kanskje du vil begynna med Harepus?

Om du likar «Hundemannen» så vil du kanskje lika «Bunny vs Monkey» også.

Kristine, Sveio folkebibliotek

Kategorier: 
Boktips til barn