Bokomslag Evil Grandma

Evil Grandma

Det er ikkje alle som gler seg til å bli bestemor. Særskilt før barnet kjem. Fyrste gong kan vere skremmande å tenkje på at ein sjølv er blitt så gamal at ein skal bli bestemor. Hovudpersonen Mona slit med forhaldet sitt til svigerdottera i tillegg. Boka gjev blant anna eit skråblikk på fasen før det fyrste barnebarnet kjem til verda.

Livet blir ikkje enklare når sonen og svigerdottera flyttar inn i ein periode fordi leiligheita har fått ein vatnlekkasje. I tillegg er svigerdottera ein som ivrig postar på Instagram om livet sitt. Den nyskilte-snart-bestemora har mange negative tankar rundt det meste, også eksmannen. Likevel skin det gjennom at ho set pris på ting han fiksar for ho.
Romanen har mange lag og tar for seg venninner, eksmann, barn og eit behov for å finna ein ny mann – kanskje. Som ei kvinne i overgongsaldaren og snart pensjonist er ho i ein fase på veg til fleire nye ting i livet sitt enn det fyrste barnebarnet sitt.

Dette er ein feelgood bok sjølv om det er mange negative tankar me får innblikk i. Til tider er den ganske morosam og eg vil tru at fleire vil kjenna seg att i nokre av dei negative meiningane til «Evil Grandma».

Boktips frå Kristine, Sveio folkebibliotek

Kategorier: 
Boktips til vaksne,
E-bok