Jævla menn
- Forfattar:
- Andrev Walden
Nokon som ser tittelen på boka, antar at dette er ei bok med angrep på mannsrolla. Det er det absolutt ikkje. Berre på nokon som ein naiv, 3-barnsmor som vil det beste, dessverre hamnar opp med som kjæraste og partnar for ein kort eller lengre periode.
Forfattaren vaks opp med 7 ulike fedre i løpet av om lag like mange år. I boka skildrar han oppveksten til ein gut med same namn, med dei dysfunksjonelle forholda mora hadde til dei som skulle vera vesle Andrev sin far til han var opp i tenåra. Det var ikkje gode menn, fedrar eller førebilete. Dei var “jævla menn”, som den naive, godhjarta mora og venninna ofte kalla dei over eit glas vin eller fleire ved kjøkenbordet. Men livet med dei er skildra gjennom 7-åringen sine mange småhistoriar, med massar av herlege skildringar, svart humor, sjølvironi og mykje varme. Men òg sårheit. Skildringane på “fedrane” etter kva slags karakter dei hadde (Plantemagikeren, Kunstneren, Tyven, Presten, Morderen, Kajakpadleren og Indianeren, fargane på bilar etter fargen på ulike skogsoppar, og utsjåandet på folk er skrive med sprudlande og treffande karakteristikkar. Forfattaren boblar av forteljarglede som kan minna om Lars Mytting.
Då eg las boka, såg eg for meg korleis det hadde vore på film. Til mi store glede er det planlagt film av boka i løpet av 2025. Eg gler meg!
Omtalen er skriven av Erika på Kinsarvik bibliotek
- Kategorier:
- Boktips til vaksne