Mamma på dass

Forfattar:
Anders Totland
Illustratør:
Christoffer Grav
Lån boka

Kva gjer du når du finn ut, i ein alder av 13 år, at mamma har delt «heile» livet ditt på Instagram? Du veit, slike bilete og videoar der du som baby kravlar naken rundt i sanden på stranda, ligg på sofaen full i feber og raude prikkar, framfører dei flauaste song- og dansenummera på skuleavslutningar… Og det verste av alt – tusenvis av menneske trykkjer liker! Jo – du tar hemn.

«Mamma på dass» er ei morosam bok som følgjer bestevenen Ella og Omar som har fått nok. Dei finn seg ikkje i at mamma deler «alt» med «alle» og dei legg ein lur plan om hemn.

Boka kan anbefalast for alle som nokon gong har brukt, brukar no eller har tenkt å bruka Internett. Forhåpentleg får den i gang gode refleksjonar og samtalar om nettvett og sosiale medier for både barn og vaksne. For er eigentleg dei vaksne så mykje betre på nettvett enn det barn er?

Kategorier: 
Boktips til barn